Pressemelding - "Der himmerikets blomster gror"

PRESSEMELDING

Nasjonalt Landstadsenter presenterer utstillinga:

Borgny Svalastog ”Himmelrikets blomster gror” – 25 monotypiar med inspirasjon frå M. B. Landstand sine tekstar.
Stad: Bø Prestegard, 29 August – 26 September

Kunstnaren ønskjer med utstillinga å gjere Landstad sine salmar og folkeviser levande for oss i dag, gjennom ”visuell poesi”. Landstadsenteret er stolte av å få høve til å formidle arven frå Landstad på ein så spanande og moderne måte.

Magnus Brostrup Landstad (1802-1880) var ein norsk prest, folkeminnesamlar og salmediktar. Fleire generasjonar nordmenn har sterke kjensler til M. B. Landstad sine salmar. Han var og ein av pionerane innan folkeminne- og tradisjonsinnsamling i Noreg.
På den eine sida arbeidde han med å verne og formidle gamle tradisjonar og folkelege uttrykk. Landstad samanlikna arbeidet med ”at redde et gammelt Familiesmykke ud af det brændende Huus”.
Men han var og ein nyskapande kunstnar, som makta å fornye salmetradisjon; gjennom salmediktinga som kom så nær oss alle, både i sorg og glede.

Borgny Svalastog tolkar Landadsalmar med eit moderne uttrykk. Gjennom 25 monotypiar vil ho utfordre oss til refleksjon.

Borgny Svalastog. Fødd 1943 i Nesset, Romsdalen, bur og arbeidar i Lillehammer. Biletkunstnaren arbeidar med tekstil, grafikk, teikning, pastell, skulptur, installasjonar og performance. Ho har utdanning frå Vestlandets Kunstakademi (Bergen) 1988-89.
Frå 1986 har hun utført kyrketekstilar til meir enn 40 kyrker og 5 bispekåper til 3 biskopar.
Borgny Svalastog har utført ei rekkje utsmykkingar, dei siste i Eina kirke (2004-05), Petter Dass Museet, Alstadhaug (2007), Lillehammer kirke (2007) og Gulset kirke (2008-09).
Frå 1984 har ho hatt ei rekkje separatutstillingar i inn- og utland, av dei siste kan nemnast: Meissen Dom, Meissen, Tyskland (2003), Hamsundagene, Hamarøy (2004), Baroniet Rosendal (2005), Pilgrimsmuseet, Santiago de Compostela (2006), Nidarosdomen og Erkebispegården, Trondheim (2007), Kunstsenteret Silkeborg bad, Danmark (2007), Trygve Lie Gallery, New York, (2008), Maihaugen, Lillehammer (2010).

Borgny Svalastog vert rekna som ein stor fornyar av kunst i kyrkjeleg samanheng, og som ein markant utstillar, som kombinerar sterke verk og ein heilskapleg presentasjon.

Om Stiftinga Nasjonalt Landstadsenter
I føremålet for det nasjonale Landstadsenteret heiter det at senteret skal

”ta vare på og vidareutvikle, aktualisere og formidle den kultur- og kyrkje-historiske arven etter personen, presten, salmediktaren og folkeminnesamlaren Magnus Brostrup Landstad.... Senteret kan ôg arbeide med andre kulturelle uttrykk og tradisjonar med relasjon til Landstad si verksemd.”

Dei 25 monotypiane av Borgny Svalastog som her vert presentert søkjer å gjere Landstads sine tekstar levande for oss i dag – gjennom biletspråket. Ved hjelp av kva vi kan kalle ”visuell poesi” opnar sjela i tekstane seg. Dei ulike motiva – doggen, hjarte- bladet, fikentreet, osb. – opnar porter inn til Landstad sitt diktarhjarte. Og forhåpentleg vil poesien i bileta inspirere til eit fornya møte med salmane sin poesi. Vårt nasjonale Landstadsenter ønskjer – på stadig nye måtar – å aktualisere den kultur- og kyrkearven som er knytt til M. B. Landstad.

Bø i Telemark, 23. August 2010