Nasjonalt Landstadsenter presenterer utstillinga:
Borgny Svalastog: ”Himmelrikets blomster gror” – 25 monotypiar med inspirasjon frå M. B. Landstand sine tekstar.
Kunstnaren ønskjer med utstillinga å gjere Landstad sine salmar og folkeviser levande for oss i dag, gjennom ”visuell poesi”. Landstadsenteret er stolte av å få høve til å formidle arven frå Landstad på ein så spanande og moderne måte.
Dei 25 monotypiane av Borgny Svalastog som her vert presentert søkjer å gjere Landstads sine tekstar levande for oss i dag – gjennom biletspråket. Ved hjelp av kva vi kan kalle ”visuell poesi” opnar sjela i tekstane seg. Dei ulike motiva – doggen, hjarte- bladet, fikentreet, osb. – opnar porter inn til Landstad sitt diktarhjarte. Og forhåpentleg vil poesien i bileta inspirere til eit fornya møte med salmane sin poesi. Vårt nasjonale Landstadsenter ønskjer – på stadig nye måtar – å aktualisere den kultur- og kyrkearven som er knytt til M. B. Landstad.