Landstaddagane er eit årleg arrangement, lagt til siste helga i august i Seljord i hjartet av Telemark. Nasjonalt Landstadsenter står bak tiltaket. Det vart første gong arrangert 29 – 31 august 2008. Landstaddagane består vanlegvis av konsert på fredag, seminar laurdag og gudsteneste og historisk spel på søndagen.
Tanken bak arrangementet er å skape ein møteplass for fagfolk, kunstnarar og publikum; ein arena der ulike kunstarter og fagdisiplinar kan kome saman og skape samtale og ettertanke, gjerne med utgangspunkt i kyrkje og kultur. For mange av bidragsytarane har arven etter M. B. Landstad vore ein viktig inspirasjonskjelde.