
Magnus Brostrup Landstad var prest i Seljord 1840-1849. Det var i denne perioden han gjorde det viktige arbeidet med å samle inn folkeviser. Han tok og til å skrive salmer i same periode. Det var også i Seljord at Landstad fekk den første førespurnaden om a lage til ein ny salmebok.
Her budde M. B. Landstad i fleire periodar. Først nokre år i ungdomstida og som student, frå 1819 og fram utover mot slutten av 1820-talet. På denne tida var faren Hans Landstad (1771-1838) prest i Seljord. Seinare overtok han prestekallet etter faren i 1840, og budde der i ni år med kona Mina og deira 12 (!) born.
Prestegarden er en del av eit freda anlegg med stabbur og drengestue. Dei tre bygningane har stor arkitektonisk verd og vart freda i 1993. Det største rommet i andre etasje har fått namnet "Landstadrommet", og har ein del inventar som har tiløyrt Landstad-familien.
Alle foto: Snorre D. Øverbø, 2011